Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Samuel 29

:
Norwegian - NO1938N
1 Filistarane samla alle herane sine i Afek; men Israel lægra seg innmed kjelda i Jisre'el.
2 Som no filistarhovdingane drog fram med flokkar hundrad mann og tusund mann, kom David og mennene hans og dragande; dei fylgde Akis og var attarst i ferdi.
3 sa filistarhovdingane: Kva skal desse hebrearane her? Akis svara: Ser de ikkje det er David, som fyrr gjorde hertenesta hjå Saul, Israels-kongen? No hev han vore hjå meg år og dag, og eg hev ikkje funne noko å lasta han for frå den dag han gjekk yver til meg, og til no.
4 Men hovdingane vart vonde han og sa til han: Send mannen attende! Lat han fara heim att til den bygdi du hev gjeve han til bustad! Han skal ikkje draga med oss ut i striden; han kunde gjerne venda seg mot oss midt i slaget. For korleis kunde han lettare koma seg inn att hjå herren sin enn med hovudi av hermennene våre?
5 Er det ikkje den same David som dei song soleis um medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusundtal, men David i titusund-tal?
6 kalla Akis David til seg og sa til han: So visst som Herren lever: Du er ein ærleg kar, og eg vilde gjerne du skulde ganga ut og inn hjå meg i lægret; for eg hev ikkje set anna enn godt av deg alt ifrå den dag du kom til meg, og til no. Men hovdingane likar deg ikkje.
7 So far no heim att i fred, so du ikkje gjer noko som er filistarhovdingane imot!
8 David svara: Kva hev eg gjort? Hev du havt noko å segja meg i den tid eg hev vore i di tenesta, sidan eg ikkje vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?
9 Akis sa: Eg veit med meg sjølv at eg held deg so gjæv som du skulde vera ein Guds engel; men filistarhovdingane segjer: Han fær ikkje draga med oss ut i striden.
10 So ris no tidleg upp i morgon, du og mennene åt herren din som hev fylgt deg hit - gjer dykk reiduge i otta og tak i vegen so snart de ser at det ljosnar!
11 So reis David og mennene hans upp tidleg i otta og gav seg same dagen vegen attende til Filistarlandet; men filistarane drog upp til Jisre'el.